Retningslinjer for reise på bortekamper

Stryn Handball

Stryn Handball har gjort følgende vedtak:

Sak 39/19

Bruk av buss til kampar. Det har kome ynskje om at fleire lag vil bruke buss til kampar, spesielt kampane som er lengst unna. Styre har vore i kontakt med fotballen som seier at dei i hovudsak ynskjer at alle skal bruke buss til kamp, men har store utfordringar med å finne sjåførar. Dette vil også bli ei utfordring for Stryn Handball.

Det kostar kr 7,50 pr/km for å leige bussen.

Hovudlaget har eit eige “booking”system, der ein treng tilgang.  Styret vedtek at alle lag kan bruke bussen, men det blir opp til kvart lag å skaffe sjåfør, då styret ikkje har kapasitet til å sitte med dette. Det vil bli krevd eigenandel på bussturane. Ved bruk av privat biler skal egenandelen tilfalle sjåfør.

100 kr pr. spelar i Nordfjord,

150 kr pr. spelar i Sunnfjord 

200 kr pr.spelar i Sogn. (NB: Askvoll og Dale har samme egenandel som Sogn)

Stryn Handball tek resterande kostnadar med bussen og ev. ferjer. Oppmenn tek kontakt med Jonn Beinnes for booking.