Nordfjord Cup 2024

Postet av Håndball den 4. Mai 2023

REGLEMENT NORDFJORD CUP

  Turneringa vert spelt etter NHF sine spelereglar og turneringsreglement.

1.      Unntak frå spelereglane

-        Det er ikkje høve for laga til å ta lags-timeout.

-        Det vert ikkje teke timeout ved utvisningar.

Dommarane sitt skjønn vedrørande stopp av speletid er alltid gjeldande.

2.      Unntak frå aldersbestemmelsane

Kvart lag kan stille med inntil 14 personar påført kamprapporten, og deltakande i same kamp.

Spelarstall er utan avgrensning.

J/G 9/10 spelar på kortbane. Det er nedsenka tverrliggar, 4 utespelarar + målvakt. Målvakta er med i angrep. Avkast etter scoring skjer ved utspel frå målvakt. 

Scoring på ope mål frå eigen banehalvdel vert ikkje godkjent.

J/G 11 spelar på full bane med nedsenka tverrliggar. Det er 5 utespelarar + målvakt. Avkast etter scoring ved utspel frå målvakt.

Vi minner om at det berre er tillate å spele på eitt lag i same klasse. Dette gjeld ikkje i J/G 9/10/11. Det gjeld heller ikkje for lag som på førehand har meldt på fleire lag i same klasse for å gje spelarane meir speletid. Desse laga har på førehand meldt kva lag som ikkje skal delta i sluttspel. Laget vert sist i si pulje, men resultata mot laget er teljande.

3.      Rusmiddel og lisenskontroll

Vi minner om at det er forbod mot rusmiddel i alle former. Regelbrot fører til umiddelbar utestenging/bortvising og rapport til NHF. Alle spelarar må ha NHF sin spelarlisens. Lisenskontroll kan bli utført utan varsel.

4.      Rekkefølgjeutrekning

Rekkefølgja vert avgjort etter NHF sitt kampreglement, med følgjande unntak i § 9 (5): «Dersom det ikkje er mulig å avgjøre den endelige rekkefølge etter reglene i 3. ledd, skal rekkefølgen avgjøres ved ny kamp (omkamp) dersom det har vært spilt seriespill og ved loddtrekning dersom det har vært puljespill».

Dette punktet vert bytt ut med følgjande:

«Dersom det ikkje er mogeleg å avgjere den endelige rekkefølgje etter reglane i 3. ledd, skal rekkefølgja avgjerast ved loddtrekning».

5.      Uavgjorte kampar i sluttspel

Ved uavgjorte kampar i sluttspelet (der ein må ha vinnar), vert kampen avgjort ved «sudden death» (første mål vinn) i forlenga speletid inntil 5 minutt. Om ingen av laga har scora innan denne tid, vert det nye 5 minutt «sudden death». Om ingen av laga har scora då, vert det loddtrekning. I A-finalane vert det spela fleire omgangar med 5 min «sudden death» til eitt av laga scorar.

6.      Jury og protest

Det vert oppnemnt ein jury som skal behandle eventuelle protestar. Juryen består av ein person frå arrangør, ein dommar og ein frå gjestande lag. Juryen si avgjerd er endeleg og kan ikkje ankast.

Protestar må vere i samsvar med NHF sitt protestreglement. Skriftleg protest må leverast stemnekontoret omgåande og seinast 15 minutt etter at kampen er slutt for å vere gyldig. Protestgebyr kr 1500,- må betalast samtidig med innlevering av protest.

  7.      Dommarar

Dommarar vert oppnemnt av arrangør.

8.      Spelarliste

Alle lag må levere spelarliste til arrangøren for kvart lag som deltek. I oversikta må stå namn og fødselsdato på alle spelarar, og namn og kontaktinfo på lagleiarar.

  9.      Avkast/kampball

Laget som står oppført som heimelag stiller med kampball. Laget stiller til venstre for sekretariatet og har avkast. I kampar med to omgangar, startar bortelaget med ballen i 2. omgang.

  10.  Ikkje møtt til kamp


Om eit lag ikkje møter innan 10 minutt etter oppsett kampstart, vert laget dømt til tap med stillinga 0 -0. Turneringsleiinga kan gje dispensasjon ved spesielle høve.

11.  Klister bruk

  • Klister kan brukes fra og med 15-årsklassen.
  • Klister skal kun brukes på banen.
  • Klister påføres fingrene i innbyttersonen – aldri i garderoben.
  • Fjern klisteret før man går inn i garderoben eller til andre deler av hallen.

Spillerens ansvar

  • Hver og en har et selvstendig ansvar for å sørge for at det ikke blir sølt klister på dørhåndtak, i garderoben, på rekkverk, vegger osv.
  • Det er ikke tillatt å ha klister på skoene eller på andre deler av kroppen. Dersom noen likevel har «gammelt» klister på skoene, skal det dekkes med tape.
  • Det er ikke tillatt å kaste baller med klister i basketballkurvene.

Klubbens ansvar

  • Det er leder (trener/oppmann) for det enkelte lag som har ansvar for klisterbruk.
  • Klisteret skal oppbevares i stativ eller eske som forhindrer søl. 
  • Halleier har tilgjengelig utstyr for fjerning av klister. Laget skal umiddelbart etter trening og kamp fjerne klaser med klister. 
  • Lag/klubber som ikke følger reglene, kan bli ilagt gebyr for rengjøring. Gebyr er satt til 750,- 


Pr. lag (9-16 år) kr. 1700kr påmeldingsfrist 1. mars 2024.Påmelding er først gyldig når påmeldingsavgifta er betalt. Lag som trekkjer seg etter 1. mars, får eit gebyr på kr. 2500 og får kkje reundert påmeldingsavgifta. Dersom arrangør må avlyse, vil påmeldingsavgift bli refundert.

Alle spelarar og trenarar må ha deltakarkort. Bestillings- og betalingsfrist 1. mars 2024

Deltakarkort

A-kort kr. 1200

  • Overnatting fredag til søndag på skule 
  • Frukost laurdag og søndag, middag laurdag 
  • Cup T-skjorte
  • 300kr for dagskort i Hydlaparken 
  • 30% rabatt på aktivitet i buldreveggen på Gym Stryn 
  • kr. 60 for barn i Stryn Symjehall
  • Aktivitet i basishallen Arena Stryn 

B-kort kr. 700

Deltakarkort for spelarar som ikkje ønskjer overnatting

  • Middag laurdag 
  • Cup T-skjorte
  • 300kr for dagskort i Hydlaparken 
  • 30% rabatt på aktivitet i buldrehallen til Gym Stryn
  • Aktivitet i basishallen Arena Stryn 

Lagleiarkort 

C-kort kr. 600

  • Overnatting fredag til søndag
  • Frukost laurdag og søndag, middag laurdag
  • Cup T-skjorte
  • 300kr for dagskort i Hydlaparken
  • 30% rabatt på aktivitet i buldrehallen til Gym Stryn 

D-kort kr. 500

  • For lagleiar som ikkje skal ha overnatting
  • Middag laurdag 
  • 300kr for dagskort i Hydlaparken 
  • 30% rabatt på aktivitet i buldrehallen til Gym Stryn

Spelesystem 

J/G 9 - 10 år (2014/2013) 1x15 minutt, kortbane 4 utespelarar og 1 målvakt som kan bli med i angrep.

J/G 11 - 12 år (2012/2011) 1x20 minutt, stor bane med 5 utespelarar og 1 målvakt. 

J/G 13 - 16 år (2010-2007) 1x25 minutt, puljespel der dei beste laga går vidare til A-sluttspel. 

Ved få påmeldingar i J/G 13 og 14 samt J/G 15 og 16 så kan desse klassane bli slått saman. Dersom det vert mange påmeldingar til cup`en, så vil det bli arrangert nattcup for dei eldste laga. Alle lag får minimum 4 kampar. Klubben kan delta med fleire lag i same klasse, men ein spelar kan kun spele på eitt lag i same klasse. Klister tillatt i J/G 15 år.


Om Nordfjord Cup: 

Stryn Handball har arrangert håndball cup i slutten av april hvert år siden 1990. Cupen het ved oppstart NK-cup og helt frem til 2018 het cupen dette. Da den gangens hovedsponsor valgte å trekke seg ut som sponsor til Stryn Handball, følte vi at vi måtte bytte navn. Så fra 2018 har cupen hatt navnet Nordfjord cup. 

Vi har en unik cup med tanke på enkelheten i logistikk. Når du har kommet frem til Stryn kan du parkere bilen /bussen og alt er i gangavstand.  Om dere velger å overnatte på hotell, camping eller skole er det maks 5 -10 minutters gange til Strynehallen. 

Strynehallen hvor alle kampene arrangeres har to spill flater. Hallen har 4 garderober (2 gutt og 2 jente) for spillere og 2 dommergarderober. Hallen har også kiosk som drives av Stryn Handball.


Overnatting:

Skole overnatting er en del av den ekte cup opplevelsen og er forbeholdt spillere og lagledere. Stryn Handball har noen regler som er viktig at dere som klubb følger for overnatting på skole. Begge skolene har våkne nattvakter og vil gå kontrollrunder 1 gang pr. time.

1. Det skal minst være 2 voksne pr. klasserom

2. Skolens ordensregler gjelder

3. Ingen skal sjekke ut av rom på søndag uten at det er klarert med skoleansvarlig.

Stryn videregåande skule

Tonning skule

Våre samarbeidspartnerar tilbyr idrettslagsprisar på overnatting under Nordfjord Cup. Husk å be om idrettslagsprisar i samband med Nordfjord Cup når de bestiller overnatting. Vedlagt link til kvar av dei ulike alternativa.

Strynsvatn Camping  -   Strynsvatn Camping og Feriehytter - Velkommen til Strynsvatn Camping og Feriehytter - Stryn

Stryn Camping  -   Stryn Camping (stryn-camping.no)

Stryn Hotel  -   Hjem | Stryn Hotell

Hotel Loenfjord  -   Hotel Loenfjord i Stryn | Eit moderne hotell ved elva i Loen

Matservering:

I kantina på Stryn VGS vil det bli servert følgende måltid:

Fredag: sal av stor pizza på Stryn VGS frå 19.00-21.00 for kr. 250  (mot bestilling til dl@strynhandball.no)

Lørdag: frukost 07:00 - 10:00 

Middag 13:00 - 16:00

Søndag:frukost 07:00 - 10:00



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.